Barnekonvensjonen er 30 år

Barnekonvensjonen byggjer på prinsippet om at barnets beste alltid skal komme først i alle situasjonar. Konvensjonen er ein avtale mellom nesten alle land i verda.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.11.2019

20. november 2019 er det 30 år sidan leiarane i verda skreiv under avtalen som pliktar dei til å oppfylle alle barns rettar slik dei er skrivne i barnekonvensjonen.

Sidan 2003 har barnekonvensjonen vore ein del av norsk lov. Dersom barnekonvensjonen og andre norske lover står i strid med kvarandre, er det barnekonvensjonen som skal gå føre.

30-årsjubileet for barnekonvensjonen blir markert på ulike vis mange stader i landet.