Måndag er valdag

Valdagen for stortingsvalet er måndag 11. september 2017. Mange kommunar held også val søndag 10. september. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.09.2017

Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2017, og som nokon gong har vore registrert som busett i Norge har stemmerett. Alle som skal stemme, må vere innført i manntalet. Manntalet er oversikten over dei som har stemmerett i kommunen. Du står i manntalet i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2017. Dersom du har flytta, er det framleis adressa 30. juni som avgjer kva kommune du har stemmerett i.

Dagen i dag, altså fredag, er den siste dagen du kan førehandsstemme. Du kan førehandsstemme i alle kommunar, uavhengig av kvar du er folkeregistrert.

Hugs legitimasjon

Du må ta med legitimasjon når du skal stemme ettersom vallova seier at ein veljar som er ukjent for stemmemottakar, skal legitimere seg. Det er ikkje nok å seie namn og fødselsdato. Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett til å stadfeste identiteten din. Det er ikkje nødvendig å ta med valkortet for å stemme, men det lettar arbeidet for valfunksjonærane og det vil gå raskare for deg å stemme.

Fleire val same dato

Måndag 11. september er også dato for sametingsvalet. For å stemme i sametingsvalet, må du ha stemmerett ved kommunestyreval, og du må dessutan vere registrert i Sametingets valmanntal.

Det er dessutan ekstraordinært kommunestyreval til Færder kommune. Bakgrunnen er samanslåinga av Nøtterøy kommune og Tjøme kommune i Vestfold kommune til Færder kommune frå og med 1. januar 2018. Dette er det einaste kommunestyrevalet i landet i 2017. 

Fylkesmannen rettleiar kommunane i planlegging og gjennomføring av val. Dette gjeld både ved stortings- og sametingsval og ved kommune- og fylkestingsval.