Klage til Statsforvaltaren

Ei av oppgåvene til Statsforvaltaren er å syte for at du som innbyggjar får oppfylt rettane du har krav på frå det offentlege. På mange samfunnsområde er det kommunen som yter tenestene. Statsforvaltaren passar på at kommunen gjer jobben sin og at du får oppfylt rettane dine. Dette gjer vi gjennom tilsyns- og kontrollarbeid. Ein del av oppdraget vårt er dessutan å behandle klager på kommunale enkeltvedtak.

Publisert 16.01.2017, Sist endra 04.10.2022

Som innbyggjar har du mange rettar. Viss rettane dine blir brotne, kan du bruke klageretten din. Dersom kommunen har gjort eit vedtak som gjeld rettane dine, kan du klage på vedtaket. I nokre tilfelle kan det offentlege også avvise å behandle ei sak. I slike tilfelle er sjølve avvisinga eit vedtak du kan klage på.

Vil du klage på barnevernet?

Vil du klage på eit vedtak eller ei avgjerd?

Vil du klage på helse- og omsorgstenester?

Vil du melde frå om eit kritikkverdig forhold?

Har du det ikkje trygt og godt på skulen?

Dette gjer Statsforvaltaren

Vil du klage på barnevernet?

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bor heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin, og ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Sei frå her

På denne sida kan du lese meir og sjå døme på kva andre barnevernsbarn har klaga på. 

Dersom det hastar veldig, du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111.

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. Viss du er vaksen og ønskjer å klage på barnevernet, ber vi deg bruke det digitale meldingsskjemaet Melding til Statsforvaltaren.

Vil du klage på eit vedtak eller ei avgjerd?

Når eit offentleg forvaltningsorgan – anten det er kommunen, fylkeskommunen eller ein statleg instans – har gjort eit vedtak som gjeld rettar eller plikter for éin eller fleire bestemte personar, blir avgjerda kalla eit enkeltvedtak. Retten til å klage på eit enkeltvedtak gjeld for personar som er part i saka, men også for andre med rettsleg klageinteresse. Det er forvaltningslova som har reglar for korleis forvaltningsorgan skal behandle saker. Statsforvaltaren er klageinstans på ei rekkje fagområde, men du skal alltid sende klagen til det forvaltningsorganet som har gjort vedtaket. Dette kjem vi tilbake til.

Når eit forvaltningsorgan har gjort eit vedtak som gjeld deg, er hovudregelen at du blir informert om vedtaket så snart som mogleg. Vedtaksbrevet skal ha opplysningar om høve til å klage, klagefrist, klageinstans og informasjon om kva adresse du skal sende klagen til.

Kva skal med i ein klage?

Fristen for å klage er tre veker etter at du vart informert om vedtaket. Når du ønskjer å klage, er det viktig at du skriv kva du vil klage på. Forklar kva som har skjedd, ta med viktige datoar og kva som er gjort i saka. Ver tydeleg på kva du ber om, kanskje har du ønske eller framlegg til kva som kan endrast i vedtaket. Nokon forvaltningsorgan har digitale skjema du kan bruke til å klage. Du kan også sende ein klage per post. Hugs at du ikkje bør skrive sensitive opplysningar i e-post.

Kvar skal du sende klagen?

Klagen sender du til det forvaltningsorganet som gjorde vedtaket. Det kan til dømes vere kommunen, sjukehuset, fastlegen, Pasientreiser eller skattekontoret. Du skal sende klagen dit for at forvaltningsorganet eller instansen skal få høve til å gjere om den opphavlege avgjerda si. Dersom forvaltningsorganet ikkje endrar vedtaket sitt etter at du har klaga, skal det innklaga forvaltningsorganet raskt sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Vil du klage på helse- og omsorgstenester?

Dersom du meiner at det kan ha skjedd ein svikt i helse- og omsorgstenesta, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som har gitt tenesta. Det kan handle om behandlinga, forsinkingar, mangelfull omsorg, vanskeleg kommunikasjon, eller lite informasjon og høve til medverknad i spørsmål rundt eiga helse og behovet for tenester. Dersom du ønskjer å gå vidare med ei sak, kan dette gjerast på fleire måtar:

  • Du kan klage på eit vedtak eller ei avgjerd.
  • Du kan be Statsforvaltaren vurdere om det har skjedd ein svikt eller eit pliktbrot, dette blir også kalla å be om tilsyn.

Klikk her for meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Gjeld klagen din vedtak om tvang eller tvangsmedisinering? Du kan lese meir om tvang her.

Vil du melde frå om eit kritikkverdig forhold?

Tilsette er ofte dei første som oppdagar eller får mistanke om lovbrot eller andre kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. For samfunnet og for arbeidslivet er det viktig å avdekkje kritikkverdige forhold.

  • Ved intern varsling seier arbeidstakaren frå til nokon internt i verksemda. Det kan vere til eigen leiar eller gjennom eit internt varslingssystem.
  • Ved ekstern varsling seier ein arbeidstakar frå til nokon utanfor verksemda som har mynde til å rette på forholdet, for eksempel til ein offentleg instans

Reglane om ekstern varsling gjeld også elevar, vernepliktige, sivile tenestepliktige, pasientar i helse- og attføringsinstitusjonar, personar som er utplasserte i arbeidslivet og personar som deltek i arbeidsmarknadstiltak. Felles for desse gruppene er at dei har tilknyting til arbeidsplassen. Dersom du sender eit varsel til Statsforvaltaren, og varselet er utanfor vårt ansvarsområde, gir vi råd om kva du bør gjere. Om mogleg viser vi deg til rett offentleg organ. Andre tilsynsmyndigheiter er til dømes Arbeidstilsynet, Luftfartstilsynet, Mattilsynet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. 

Du som varslar må vere i god tru på at det faktisk er eit kritikkverdig forhold, og eit varsel kan ikkje byggje på grunnlause påstandar. Å varsle er noko anna enn å klage på utfallet av ei sak.

Les meir om korleis du melder frå om kritikkverdige forhold.

Har du det ikkje trygt og godt på skulen?

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan krenking eller mobbing. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren.

Les meir om korleis du kan melde frå om mobbing eller dårleg skulemiljø.

Dette gjer Statsforvaltaren

Vi seier at Statsforvaltaren er ein rettstryggleiksinstans, og vi behandlar klagen din så raskt som råd. Saksbehandlingstida kan variere alt etter kva type sak det er og saksbehandlingstida hjå Statsforvaltaren i regionen din. Dersom vi reknar med at det vil ta meir enn ein månad før du kan få svar frå oss, tek vi kontakt og opplyser om når du kan rekne med å få svar frå oss. Manglar det informasjon i klagen frå deg, tek vi også kontakt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Pass på personopplysningane dine

Unngå å sende sensitiv informasjon til oss via e-post eller sosiale medium. Sensitiv informasjon kan til dømes vere fødselsnummer og helseopplysningar.  Bruk i staden det digitale meldingsskjemaet Melding til Statsforvaltaren, det kan du også bruke til sensitiv informasjon, og systemet handterer dessutan store vedlegg. Fordi kontaktskjemaet er ei sikker løysing, må du logge inn via ID-porten.

Sivilombodet kontrollerer forvaltninga

Sivilombodet undersøkjer klager frå innbyggjarar som meiner å ha vore utsett for urett eller feil frå den offentlege forvaltninga. Før du klagar til Sivilombodet skal forvaltninga få høve til å ordne opp og ta eit endeleg standpunkt i saka din. Du må derfor ha brukt alle klagemoglegheiter der. Sivilombodet vurderer klager som gjeld statleg, kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Å klage til Sivilombodet er gratis. Les meir om korleis du kan sende ein klage til Sivilombodet.