Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

E-læringsplattform for verjer

Statens sivilrettsforvaltning tilbyr digitale kurs for verjer. Den nye kursplattforma er med på å avlaste statsforvaltaren, som er førsteinstans innan fagområdet verjemål.

Publisert 15.03.2021

Førebels er det lansert eit introduksjonskurs for nye verjer på den nye kursplattforma, men alle verjer – både faste verjer og andre – blir oppmoda om å ta kurset. Kurset gir ei innføring i det mest grunnleggande som verja må vite om si eiga rolle, kva verja må kunne og verjemålssystemet.

Det vil komme fleire digitale kurs etter kvart. 

E-læringsplattforma er tilgjengeleg berre for personar som allereie har eit verjeoppdrag. Du finn dei digitale kursa ved å logge inn på Mine verjemål.