Årsrapportar for 2020
Statsforvaltaren fekk nytt namn frå årsskiftet, men i årsrapportane for annleisåret 2020 er vi framleis fylkesmannen.
Publisert 02.03.2021
Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn frå 1. januar i år, men alt vi gjorde i fjor, vart gjort av fylkesmannen. Vi rapporterer kvart år til Kommunal- og moderniseringsdepartementet innan 1. mars, og no er årsrapportane frå alle embeta offentleggjort. Du kan lese årsrapporten for kvart enkelt av dei ti embeta, og du kan også velje å samanlikne embeta.