Endringar i lover som følgje av namneendringa

Om lag 100 lover inneheld omgrepet fylkesmannen. Eit lovframlegg frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet startar prosessen med å skrive statsforvaltaren inn i lovgjevinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.02.2021

Frå nyttår fekk statsforvaltaren nytt og kjønnsnøytralt namn. Det gamle namnet vårt var fylkesmannen. Fylkesmannen er omtala i ei rekkje lover i kraft av rolla som klageorgan, tilsynsorgan, godkjenningsorgan eller styresmakt på ulike fagområde.

No må kring 100 lover gjennom ei språkleg oppdatering for å bli kvitt nemningar som «fylkesmannen», «fylkesmann», «fylkesmannsembete», «fylkesmannens», «fylkesmenn» og «fylkesmennene».

Les meir om prosessen på regjeringa.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.