Ber skulane om hjelp

Sommerferien er ei tid då mange reiser til utlandet. For nokre unge kan det bety tvangsekteskap, truslar og vald eller at dei blir etterlatne i utlandet mot sin vilje. Det er bakgrunnen for ein kampanje mot tvang og negativ sosial kontroll.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.06.2018

Negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og helseskadelege tradisjonar er alvorleg for dei som vert råka. Det krev ei brei tilnærming og samarbeid på tvers mellom etatar og landegrenser å kjempe mot slik sosial kontroll. Tilsette i fylkeskommunar og kommunar som arbeider med barn og unge. er viktige i dette arbeidet.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) gjennomfører ei kampanje på sosiale medium retta mot minoritetsungdom for å fremje merksemd om negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og helseskadelege tradisjonar. I samband med kampanjen til IMDi har Kunnskapsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet sendt ut brev til alle fylkeskommunar, kommunar og fylkesmenn. Departementa ber om at innhaldet i kampanjen blir gjort kjent for grunn- og vidaregåande skular, helsestasjon- og skulehelsetenesta, fastlegar, psykisk  helseteneste, Nav-kontor, barnevernteneste og familievernet.

Departementa ber instansane som er nemnde ovanfor om vere ekstra oppmerksame på unge i faresona, og har mange råd til kva tilsette kan gjere dersom dei er uroa for ein ungdom. Dersom det er grunn til alvorleg bekymring, er det viktigaste rådet å prøve å hindre utreise frå Noreg. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.