Send melding til Fylkesmannen

Dersom du eller bedrifta di skal sende sensitive opplysningar til Fylkesmannen, har vi digitale skjema du kan bruke alt etter kven du er. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.02.2018

I motsetning til e-post, er skjemaa våre sikre løysingar som også kan brukast til å sende sensitive opplysningar. Bruk av elektronisk melding kan også korte ned saksbehandlingstida hjå Fylkesmannen, fordi det ikkje går med tid til postgang. Kontaktskjemaa våre er sikre løysingar, og krev derfor innlogging med ID-porten

Melding frå bedrift/organisasjon til Fylkesmannen

Skjemaet gjer det mogeleg for tilsette i bedrifter eller lag og organisasjonar å logge seg på med ID-porten og sende informasjon til Fylkesmannen på ein trygg måte, og samstundes representere bedrifta/organisasjonen sin og ikkje seg sjølv som privatperson.

Skjemaet kan til dømes brukast når du på vegner av bedrifta eller organisasjonen skal ettersende dokument eller anna informasjon som vi treng til behandlinga av ei sak. Hugs i så fall å opplyse om saksnummeret. Skjemaet kan også brukast til å sende ei melding til Fylkesmannen, i staden for å sende vanleg brev i posten.

Når du sender inn ei melding på vegner av ei bedrift eller ein organisasjon, lyt du skrive inn organisasjonsnummeret til bedrifta eller organisasjonen. Når du har oppgitt organisasjonsnummeret, blir skjemaet automatisk oppdatert med namn, adresse og kontaktinformasjon. Du kan endre kontaktinformasjonen dersom svaret frå oss skal gå til ei anna adresse enn den som er registrert på bedrifta eller organisasjonen.

Melding frå privatperson til Fylkesmannen

Du kan bruke dette skjemaet dersom du som privatperson skal sende ei melding til Fylkesmannen. Dersom meldinga gjeld ei sak som alt er til behandling hjå oss, ber vi deg fylle ut saksnummeret. Du finn saksnummeret øvst i brevet frå oss. Dersom du sender ei generell melding til oss, lyt du velje det fylket du bur i for at meldinga skal komme til rett fylkesmannsembete. Du kan skrive så langt du vil til Fylkesmannen, men ver klar over at det vil komme eit tidsavbrot etter 30 minuttar. Dersom du har ei svært lang melding til oss, er det lurt å bruke kontaktskjemaet til å laste opp meldinga som eit vedlegg.

Separasjon, skilsmisse eller mobbing?

Vi har eigne digitale meldeskjema for ein del sakstypar. Skal du til dømes melde frå om mobbing i skulen? Skal du søke separasjon eller skilsmisse? Det finst eigne digitale skjema for dette. Alle desse skjemaa er samla i ein felles portal. Merk at det også finst eigne digitale skjema som gjeld verjemål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.