Samiske elevar har rett til opplæring i samisk

Samiske elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett til opplæring i samisk uansett kvar dei bur i landet. Elevar som bur i samiske distrikt, har rett til opplæring i og på samisk. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.09.2017

I samiske distrikt har alle i grunnskulealder rett til opplæring i og på samisk, men også samar som bur andre stader i landet har rett på opplæring i samisk. Når opplæringa ikkje kan gjevast med undervisningspersonalet på skulen, blir opplæringa gitt som fjernundervisning. Samar i vidaregåande opplæring har rett til opplæring i samisk.

Eleven vel sjølv kva samisk språk ho eller han ønskjer opplæring i – nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk. Skuleeigar har det overordna ansvaret for at elevens rett til samisk opplæring.

Fylkesmannen i Finnmark har koordineringsansvar for nordsamisk fjernundervisning

Fylkesmannen i Nordland har koordineringsansvar for lulesamisk og sørsamisk fjernundervisning

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.