Vil du inn på tunet?

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra tenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.11.2013

Dei viktigaste brukarane av tilbodet er barn og unge, menneske med rusproblem, funksjonshemma og eldre. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der. Det er eit mål å auke talet på brukarar, og det blir også jobba for at fleire gardsbruk skal kunne tilby tenester for å førebyggje og rehabilitere.

  • Gardsbruk som ønskjer å tilby Inn på tunet-tenester, må ha godkjenning. Matmerk kan hjelpe til i prosessen med å bli godkjend tilbydar.
  • Nav-kontor eller andre kommunale bestillarar kan hjelpe deg som ønskjer å bruke tenestene.
  • Inn på tunet har gardsbruk over heile landet.

Fylkesmannen har eigne kontaktpersonar som jobbar med tenesta. I nokre fylke er det også eigne nettverk.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.