Tilsyn med Gol kommune på barnehageområdet

Vi har ført tilsyn med Gol kommune. Temaet for tilsynet er ansvaret til kommunen som barnehagemyndigheit. Det overordna formålet med tilsynet er å kontrollera om kommunen oppfyller krava i regelverket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2023

Tilsynet har som formål å kontrollere om barnehagemyndigheita oppfyller krava i regelverket når det gjeld å sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk, og då med spesielt fokus på risikovurderingane til barnehagemyndigheita som utgangspunkt for val av verkemidla tilsyn og rettleiing.

I tilsynet med Gol kommune kjem det fram at barnehagemyndigheita har tilstrekkeleg informasjon og kunnskap om korleis alle barnehageeigarane oppfyller pliktene sine etter barnehagelova. Det er vår vurdering at vi ikkje kan sjå av dokumentasjonen vi har mottatt at barnehagemyndigheita har oversikt over alle eigarpliktene i barnehagelova.

Vi har også vurdert at barnehagemyndigheita ikkje har sannsynleggjort at ho bruker kunnskapen ho har om barnehagane til å gjere risikovurderingar for å vurdere behovet for rettleiing og tilsyn. Vidare har vi vurdert at det ikkje er sannsynleggjort at barnehagemyndigheita si risikovurdering er basert på oppdatert og gjeldande forståing av barnehagelova, eller at barnehagemyndigheita gjennomfører rettleiing og tilsyn i tråd med sine risikovurderingar.

I tilsynsrapporten kan du lesa om kva rutinar og praksisar Gol kommune har på dette temaet og kva regelverksbrot dei må retta. Du finn tilsynsrapporten til høgre i denne nyheitssaka.

Du finn alle tilsynsrapportane våre i tilsynskalenderen vår på Statsforvaltarens nettside.