Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.
Barnehagen skal sørge for at barna har det trygt og godt
Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Dei skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Dette kan til dømes vere utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.
Dersom du oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må du melde frå til styrar i barnehagen. I alvorlege tilfelle må styrar melde frå til barnehageeigar.
Statsforvaltaren er klageinstans
Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.