Utdanning i utlandet

Oppdatert 22.05.2023

Det er norske frittståande skular fleire stader i utlandet. Dette er skular som er godkjende etter friskulelova, og som har rett til offentleg tilskot.

Norske grunnskular i utlandet kan søkje om godkjenning etter friskulelova. Utdanningsdirektoratet fører tilsyn med skulane, og betaler ut tilskota dei godkjende skulane.

Om skulane

Det er berre skular som er godkjende av Utdanningsdirektoratet som får offentleg tilskot. Skulane må følgje friskulelova med forskrifter. Det er likevel viktig å vere klar over at skulane ikkje representerer norske styresmakter, men er oppretta på privat initiativ.

Sjå eiga oversikt over kva norske skular som er godkjende.

Nettsida til kvar enkelt skule har meir informasjon.

PP-teneste ved norske skular i utlandet

Etter friskulelova har elevar rett til spesialundervisning og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste). Statsforvaltaren i Oslo og Viken har ansvar for pedagogisk-psykologisk teneste til elevane og skulane, og Utdanningsdirektoratet er klageinstans. PP-tenesta i utlandet er for elevar både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Barn under opplæringspliktig alder (førskulealder) har ikkje lovfesta rett til pedagogisk-psykologisk teneste.

På nettsidene til Statsforvaltaren i Oslo og Viken finn du meir informasjon om PP-tenesta i utlandet. 

Stipend- og støtteordningar for studentar i utlandet

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning skal styrkje kvaliteten i norsk utdanning. Direktoratet fremjer utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.