Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Opplæring innan kriminalomsorga

Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa. Statsforvaltaren i Vestland har det nasjonale ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorga.