Altinn-roller blir erstatta av tilgangspakkar

Brukar du Statsforvaltarens skjema på vegner av ei verksemd, bør du lese om endringane som vil komme. Tilgang til tenester og skjema via roller opphøyrer ved utgangen av året. I staden treng du fullmakt via ein tilgangspakke. Det er verksemda di som gir tilgangspakkar. 

Publisert 04.05.2026

Dei gamle Altinn-rollene har vist seg å vere for lite presise som grunnlag for tilgangsstyring. Dei blir derfor erstatta av tilgangspakkar, som gir meir presis tilgangsstyring og sikrar at riktig person får riktige fullmakter.

Verksemda di kan også gi deg tilgang til ei enkeltteneste i staden for ein tilgangspakke. Då blir fullmakta di avgrensa til å gjelde ei bestemt oppgåve i Altinn. 

Når skjer endringa?

  • Roller fungerer som før fram til 31. desember 2026.
  • Etter 19. juni 2026 kan verksemder ikkje lenger gi roller til nye personar.
  • Frå denne datoen må nye personar få fullmakt via ein tilgangspakke eller ei enkeltteneste.o
  • Frå 1. januar 2027 fungerer berre tilgangspakkar og tilgang enkelttenester. 

Kva betyr dette for deg som skal bruke skjema og tenester?

  • Etter nyttår vil ikkje ei rolle gitt av verksemda di lenger gi tilgang til Statsforvaltarens skjema.
  • Innan nyttår må du ha fått tildelt riktig tilgangspakke eller enkeltteneste.
  • Utan ny tilgang vil du ikkje kunne bruke skjema på vegner av ei verksemd.

Manglar du tilgang, må verksemda der du er tilsett, gi deg riktig tilgang.

Dette bør verksemda gjere no

Statsforvaltarens fellestenester, som utviklar dei digitale løysingane våre, tilrår at verksemder

  • går gjennom kven som skal ha tilgang til aktuelle skjema
  • tildeler nødvendige tilgangspakkar eller enkelttenester
  • i god tid før årsskiftet fasar ut roller som grunnlag for tilgangsstyring
  • ved behov oppdaterer interne rutinar

Dette arbeidet bør verksemda gjere før Altinn-rollene blir avvikla ved nyttår.

Skjema og tjenester | Statsforvalteren.no viser alle skjemaa våre. Kvart enkelt skjema har informasjon om kva tilgangspakke det tilhøyrer. Du finn denne informasjonen ved å klikke på «Kven skal bruke skjemaet? inne i kvart enkelt skjema. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.