Statsforvaltaren er gravplassmynde

Statsforvaltaren er regional gravplassmynde frå 1. januar 2021. Oppgåvene for heile landet er samla hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Publisert 08.01.2021

Bakgrunnen for endringa er at Stortinget har vedteke ny lov om tro og livssyn og revideringar i gravplasslova.

Oppgåvene til Statsforvaltaren er saksbehandling etter gravplasslova og gravplassforskrifta, som godkjenning av gravplassplanar og lokale vedtekter for gravplassar, innspel til arealplanar som vedkjem gravplassar og dessutan klagebehandling.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark rettleiar lokale gravplasstyresmakter om gravplasslova og gravplassforskrifta.

Gravplassrettleiaren er laga for å hjelpe instansar med mynde innan kremasjon, gravferd og gravplass.