Ordførar og varaordførar kan ikkje veljast ved skriftleg avstemming

Den nye kommunelova seier at ordførar og varaordførar må veljast ved open avstemming. Dersom kommunen har brukt skriftleg avstemming, må kommunen gjere ei konkret vurdering av om valet er gyldig eller ugyldig.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.10.2019

Valet av ordførar og varaordførar kan vise seg å vere gyldig sjølv om valet ikkje er gjort i samsvar med avstemmingsreglane i kommunelova. Det er nemleg slik at dersom ein saksbehandlingsfeil skal føre til eit ugyldig vedtak, må det vere grunn til å rekne med at feilen påverka sjølve avgjerda. Heilt konkret må kommunestyret spørje seg sjølv: Ville det blitt valt ein annan ordførar og/eller varaordførar dersom medlemmane hadde måtta vise stemmeteikn?

Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier at det ikkje er nødvendig med eit nytt konstituerande møte sjølv om val av ordførar og varaordførar skulle vise seg å vere ugyldig. Det held å «reparere» eit ugyldig val ved å velje ordførar og varaordførar i eit kommunestyremøte.

Regjeringa.no har meir informasjon om kva kommunen må gjere dersom kommunestyret har brukt skriftleg avstemming i valet av ordførar og varaordførar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.