Førarkortrettleiaren er oppdatert

Helsedirektoratet har frå 1. mai 2017 presisert helsekrava som  må vere oppfylte for at du skal kunne få eller framleis ha førarkort.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.05.2017

Fylkesmannen oppmodar legane om å bruke den nye rettleiaren. Norsk elektronisk legehandbok (NEL) er oppdatert for dei nye reglane. Dei viktigaste endringane etter 1. mai 2017 gjeld reglane om:

  • medikamentbruk
  • syn
  • nedsett rørsleevne («førlighet»)

Medikamentbruk:

Fylkesmannen oppmodar alle om å drøfte med med legen sin kva som blir rekna som trygg bruk av legemiddel ved køyring. 

  • Helsedirektoratet ber fylkesmennene om å vurdere dispensasjon for personar som bruker fleire enn 2 medikament innan gruppene antiepileptika, antipsykotika og antidepressiva, dersom dei ikkje har påverka køyreevne.
  • Dersom du brukar to legemiddel innan denne gruppa: oksazepam, diazepam, zopiklon, zolpidem, nitrazepam, alimemazin, prometazin og hydroksyzin må legen redusere maksimaldose av kvart av legemidla med 50 prosent for at du skal kunne ha førarkort
  • I tillegg skal den maksimale døgndosen med opioider vere 150 mg morfinekvivalentar dersom du også brukar eit anna legemiddel som kan påverke kjøreevna.
  • Dersom du nyttar ulike opioid-legemiddel, og ingen andre legemiddel, treng ikkje legen nødvendigvis å redusere maksimaldoseringa av opioider. Du og legen din må summere opp dosene for kvart av medikamenta og passe på at du ikkje brukar meir enn «300 mg morfinekvivalentar» per døgn (sjå rettleiaren).
  • Helsekravet er ikkje oppfylt dersom du brukar 3 av desse legemidla: oksazepam, diazepam, zopiklon, zolpidem, nitrazepam, alimemazin, prometazin, hydroksyzin eller sterke smertestillande (opioider). Dette er dei legemidla som er nemnde i forskrifta §36 punkt 4, 5, 6 og 7.
  • Elles er det presisert korleis du og legen skal handtere kortvarig bruk av desse legemidla.    

Syn:

  • Når det er mistanke om skader på synsfelt, skal personar som vil køyre bli undersøkte med Esterman synsfelttest. I rettleiaren er det nå tydelege krav til undersøkingsmetoden og eksempel på korleis legen skal tolke testen for dei ulike førarkortklassene. 
  • Klårare rettleiing for korleis legen skal handtere nyoppdaga reduksjon av syn. 

Rørsleevne:

Helsedirektorat og vegdirektoratet vil foreslå endring av forskriftsteksten. Før dette må legane følgje den nye rettleiarteiksten. Hugs å lese merknadene under fanekortet «praktisk» nede på sida. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Førarkortrettleiaren

Førarkortrettleiaren er ein rettleiar om helsekrava til den som skal ha førarkort. Målgrupper for rettleiaren er:

du som søkjer om førarkort

legar, psykologar og optikarar som skriv ut helseattest til trafikkstasjonen

saksbehandlarar på trafikkstasjonen, i politiet og hos fylkesmennene