Gudstenester i skuletida

Det er snart jul, og vi går inn i høgsesongen for skulegudstenester. Skulane kan gjennomføre gudstenester i skuletida, men gudstenesta skal skje i samarbeid og forståing med foreldre og elevar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.11.2016

Skulane har høve å arrangere eller delta på gudstenester som ein del av den  generelle kultur- og tradisjonsformidlinga Gudstenesta skal ikkje vere ein del av KRLE-faget og bør heller ikkje fungere som semesteravslutning. Avslutningsarrangement, og andre markeringar i løpet av skuleåret som er meint å inkludere alle elevane, bør leggast til skulen, slik at alle kan delta. 

Utdanningsdirektoratet tilrår skulane å organisere eventuelle gudstenester ved at elevane aktivt melder seg på. Det bør vere samtidig påmelding til både gudstenester og alternative tilbod. 

Elevar som ikkje skal vere med på gudstenesta, skal også ha fritak frå å vere med på øving til gudsteneste. 

Tilrådingane frå utdanningsdirektoratet gjeld også skular som er godkjende etter friskulelova, med unntak av skular som er godkjende på eit religiøst grunnlag. 

Meir om regelverket knytt til gudstenester i skuletida (Udir)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.