Send elektronisk melding til Fylkesmannen

Melding til Fylkesmannen er eit elektronisk skjema som du kan nytte til å ettersende dokument eller anna informasjon som vi treng til behandlinga av ei sak. Skjemaet kan også brukast til å sende ei melding til Fylkesmannen, i staden for å sende brev.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.06.2016

I motsetning til e-post, er skjemaet ei sikker løysing som også kan nyttast til å sende sensitive opplysningar. Bruk av elektronisk melding kan også korte ned saksbehandlingstida hjå Fylkesmannen, fordi det ikkje går med tid til postgang. Kontaktskjemaet er ei sikker løysing, og krev derfor innlogging med ID-porten. 

Automatisk utfylling av opplysningar

Når du skal sende inn skjema,  må du logge på med ID-porten. Informasjon om ID-porten finn du her: http://eid.difi.no/nb

Fødselsnummer, namn og adresse blir automatisk utfylt i skjemaet når du har logga inn via ID-porten. Desse opplysningane blir henta frå folkeregisteret. Dersom du ønskjer å bli kontakta på ei anna adresse, kan du sjølv endre adressa i skjemaet. Det blir også gjort oppslag mot kontaktregisteret hjå Difi , og skjemaet har dermed også automatisk utfylling av telefonnummer og e-post. Også desse opplysningane kan redigerast. 

Saksnummer eller generell melding

Du må i skjemaet velje i kva fylke saka gjeld. Dersom det er ei generell melding, må du velje det fylket du bur i. Skjemaet vil ut frå dette valet opplyse om kva Fylkesmann meldinga blir send til.

Skjemaet har eit felt der du kan legge inn saksnummer hjå Fylkesmannen. Dersom du alt har ei sak til behandling hjå Fylkesmannen, ber vi deg oppgi saksnummeret i feltet. Du finn saksnummeret øvst i brevet du har fått frå oss. Dersom du ikkje har ei sak hjå Fylkesmannen, let du berre feltet stå tomt.

Skjemaet har eit emnefelt  der du kan oppgje kva saka gjeld. Tekstfeltet kan nyttast til å skrive inn ei melding til Fylkesmannen. Det er også moglegheit for å laste opp vedlegg. Meldinga har ubegrensa antal teikn, men dersom du skriv i feltet lengre enn 30 min, vil det bli eit tidsavbrot i skjema. Dersom du har ei lengre melding som skal sendast til Fylkesmannen, bør du laste dette opp som vedlegg. Dette er opplyst som hjelpetekst i skjemaet.

Meldingsløysinga er sikker med tanke på oversending av personopplysningar og saker som er unnateke offentleg.

Automatisk kvittering

Du får automatisk kvittering (ved riktig utfylt e-postadresse) når skjemaet er sendt inn. Kvitteringa har ikkje inkludert PDF av innsende opplysningar eller kopi av innsende vedlegg. Dette er fordi kvitteringa blir sendt via e-post, og e-post kan ikkje innehalde personsensitive opplysningar.

Mellomlagring ved avbrot i utfyllinga

Skjemaet godtek mellomlagring. Ved å klikke "Lagre utkast" blir meldinga lagra, og du kan finne att meldinga  under fana "Mine saker" når du loggar inn på eit seinare tidspunkt. Du kan då ved seinare høve gjere ferdig og sende inn meldinga.

Skjemaet er lagt tilgjengeleg på fylkesmannen.no si oversikt over skjema og tenester.

Kortlenke til skjemaet: https://www.fylkesmannen.no/melding  

For spørsmål kring handsaming av saker, ta kontakt med ditt embete

For spørsmål kring det tekniske om skjemaet, ta kontakt med: skjema@fylkesmannen.no