Førebyggande heimebesøk til eldre

Stadig fleire kommunar tilbyr førebyggande heimebesøk til eldre. Tema for slike besøk er til dømes tryggleik i heimen, fysisk helse, ernæring, sosialt nettverk, hjelpemidlar  og aktivitetar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.06.2016

Helse- og omsorgsdepartementet  meiner at slike heimebesøk kan vere eit godt verktøy for kommunane når dei driv førebyggande arbeid blant eldre. Førebyggande heimebesøk kan føre til at fleire kan leve lenger i sin eigen bustad og oppleve større meistring i sin eigen kvardag, og dermed betre livskvalitet.

Frå 2003–2013 har det vore ein auke frå 8 til 25 prosent av landets kommunar som tilbyr førebyggande heimebesøk. Eit utviklingsprogram i regi av Helsedirektoratet syner samstundes at kommunane saknar rettleiingsmateriale som fortel om fagleg innhald og metodikk. Direktoratet har derfor fått i oppdrag å utarbeide ein rettleiar om førebyggande heimebesøk. Rettleiaren er venta å vere klar innan utgangen av 2016.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.