Overlever fisken når du slepp han fri?

I mange elvar har det vorte vanleg at laks som vert fiska vert sett tilbake i elva. Ein brosjyre basert på ny forsking viser kva som påverkar overleving og åtferd hos laks etter gjenutsetting.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.04.2016

Norsk institutt for naturforskning (NINA) har merka meir enn tusen laks fordelte på åtte norske lakseelvar. Dei fann ut at type reiskap, korleis det vert fiska og korleis fisken vert handtert er det som oftast avgjer om laks overlever etter gjenutsetting.

Oselvvassdraget (Osen- Vestre Hyen) i Sogn og Fjordane var eit av vassdraga som vart undersøkt. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har støtta prosjektet med midlar frå tilskotsordninga «Tilskot til fiskeformål» .

Les meir om prosjektet på heimesida til NINA, og last ned informasjonsbrosjyren.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.