Nasjonal Inn på tunet- konferanse

Korleis kan landbruket, og kontakt med dyr og natur gje meistring og helsegevinst for utsette barn og unge? Noko av svaret får du på den nasjonale konferansen på Clarion Hotel Energy i Stavanger 2. - 3. november 2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.08.2015

Konferansen set eit ekstra fokus på utsette barn og unge, og ser på korleis landbruket kan medverke til betre oppvekstvilkår for målgruppa. Bruk av planter, dyr og natur i pedagogisk og terapeutisk samanheng blir sett på dagsorden. Det vil bli lagt vekt på å presentere ny kunnskap og nye strategiar basert på både nasjonal og internasjonal forsking. Programmet blir endeleg fastsett over sommaren.

Målgruppe for konferansen er leiarar og tilsette i helse-, sosial-, NAV- og utdanningssektoren, tilbydarar av velferdstenester på gardsbruk, aktuelle kompetansemiljø og organisasjonar, politikarar og andre interesserte. Påmeldingsfristen er søndag 20.09.2015.

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester frå landbruket. Brukarar av tenestene er barn og unge, vaksne og eldre. Les meir om Inn på tunet hos Matmerk.

Inn på tunet er eit nasjonalt satsingsområde, og fylkesmannsembeta har oppdraget med å koordinere arbeidet med denne satsinga i kvar sine fylke. Ei viktig nyvinning i seinare tid er at vi har fått på plass eit kvalitetssystem og ei godkjenningsordning for Inn på tunet-gardane. Stiftinga Matmerk forvaltar godkjenningsordninga.

Annakvart år blir det arrangert ein nasjonal Inn på tunet-konferanse. Arrangør for årets konferanse er fylkesmannsembeta på Vest- og Sørlandet. Påmelding og meir informasjon hjå Fylkesmannen i Rogaland.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.