Ekstratilskot: Stortinget premierer kommunar

Stortinget har innført eit ekstratilskot til kommunar som tek i mot fleire flyktningar enn forventa. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.07.2015
I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett, vedtok Stortinget at det skal innførast eit ekstratilskot på totalt 50 millionar kroner til dei kommunane som buset fleire flyktningar enn dei er bedne om å ta imot.

Per 1. juni hadde norske kommunar busett vel 3.400 flyktningar, 19 prosent fleire enn til same tid i fjor. Men framleis ventar over 5.000 flyktningar i mottak. Det er med andre ord fleire tusen som har fått lovleg opphald i Norge, men som ikkje har fått starta liva sine ute i kommunane. Nå vil Stortinget premiera dei flinkaste kommunane.

Inntil 50.000 per person

Ekstratilskotet skal fordelast i samråd med avtalepartane på ein slik måte i 2015:

  • Kommunar som buset fleire flyktningar enn oppmodinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) - og samstundes fleire enn folketalet skulle tilseia, mottar eit ekstratilskot på 50.000 kroner per person utover IMDi si oppmoding.
  • Kommunar som buset fleire flyktningar enn oppmodinga frå IMDi, men færre enn folketalet tilseier, mottar eit ekstratilskot på 25.000 kroner per person ut over IMDi si oppmoding.

Meir pengar til utleigebustader

I revidert nasjonalbudsjett blei også tilskotet til utleigebustader auka med 80 millionar kroner. 50 av dei 80 millionane er ein varig auke av tilskotsramma, dei resterande 30 millionane gjeld bare i år.

Målet med ekstratilskotet og auken i tilskotsramma for utleigebustader, er å leggja til rette for at kommunane kan busetja fleire flyktningar.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.