Enklare plan- og bygningslov

Frå 1. juli treng du ikkje lenger sende inn søknad for å føre opp mindre garasjar og andre mindre byggverk. Du vil sjølv vere ansvarleg for at bygningen er i samsvar med lov, forskrift og aktuelle planar. Det er difor viktig at du set deg grundig inn i regelverket før du går i gang.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.06.2015

Oppføring av mindre bygning utan søknad:

Du kan føre opp mindre bygning på din eigedom utan å sende inn søknad.
Det er forventa at ordninga vil spare ressursar i kommunane slik at ein kan nytte tida til større og viktigare saker, m.a. til oppdatering av planar. Du slepp også å betale byggjesaksgebyr.

Men det er fleire vilkår som må vere oppfylte:

  • Bygningen må ikkje ha et større bebygd areal eller bruksareal enn 50 m2 .
  • Maks. gesimshøgd skal vere 3 meter og maks. mønehøgd 5 m.
  • Minimumsavstand frå nabogrense 1 meter.
  • Bygningen må vere i ein etasje og utan kjellar.
  • Bygningen må vere frittliggjande og må bli plasser, minimum ein meter frå annan bygning.
  • Bygningen må ikkje bli plassert over leidningar i grunnen.
  • Eigedommen må vere utbygd frå tidlegare.

Bruk av bygningen:

Bygningen kan ikkje nyttast til overnatting og kan ikkje innehalde stue, kjøkken og soverom.

Bygningen kan nyttast til hobbyrom, skrivestue, smørebod, verksted, atelier, bod, veksthus, søppelskur, sykkelskur, garasje, carport, vedbu, dukkehus o.l.

Svært viktig: Tiltaket må ikkje vere i strid med reglane i plan, lov eller forskrift!

Nokre sjekkpunkt dersom tiltaket t.d. gjeld oppføring av garasje:

  • Er oppføring av garasje i strid med planformålet?
  • Er oppføring av garasje i strid med reguleringsplanen sine reglar om grad av utnytting, til dømes dersom eigedommen alt er høgt utnytta?
  • Planen kan ha eigne føresegner om garasjestorleik og plassering!
  • Kommer garasjen i strid med byggjegrensar teikna inn på reguleringskartet?
  • Garasje kan ikkje bli ført opp nærare sjø enn hundre meter, jf. byggjeforbodet i hundremetersbeltet langs sjø! Kommunen kan ha innført tilsvarande forbod langs vassdrag!

Viktig!

Det er du som er ansvarleg for at bygningen blir oppført i samsvar med lov, forskrift og plan. Direktoratet for byggkvalitet vil utarbeide databaserte verktøy/sjekklister som vil kunne gjere det enklare å undersøkje om lova sine krav er oppfylte. Det vil også bli laga ein «kalkulator» for utrekning av grad av utnytting. Førebels vil denne bare kunne nyttast på nyare planer. Utrekning av utnyttingsgrad etter eldre planar kan by på utfordringar!

Det er ikkje nødvendig å sende nabovarsel for denne typen tiltak, men du bør likevel ta ein prat med naboen!

Du kan be om førehandskonferanse med kommunen før du går i gang med å byggje. Slik konferanse kan vere nyttig for å avklare om bygningen krev søknad om dispensasjon og for å vere sikker på at bygningen ikkje blir plassert over vatn- og avlaupsleidningar. Kommunen skal føre referat frå denne konferansen.

Sjølv om bygningen ikkje er søknadspliktig, må du sende melding til kommunen når denne er ferdig oppført, slik at bygningen kan bli teikna inn på kommunens sitt kartverk. Dette gjeld også for dei tilbygga som er nemnde nedanfor.

Tilbygg

Kan bli oppført utan søknad dersom:

  • Tilbygget ikkje er større enn 15 m2 bebygd areal.
  • Må oppførast i ein etasje på bakken.
  • Avstand til nabogrense må vere minst 4 m.
  • Avstand til annen bygning på same eigedom må vere minst 1 m.
  • Kan ikkje innehalde rom for «beboelse» eller varig opphald.

Du må altså søkje om tilbygg til hus dersom arealet skal nyttast til t.d. stue eller soverom! Unntaket frå søknadsplikt for tilbygg gjeld derfor i første rekkje areal som skal nyttast til bod/lagring og terrasse. Elles gjeld dei same krava om at tilbygget skal vere i samsvar med lov, forskrift eller plan som for mindre frittliggjande bygningar.

Du finn meir informasjon hos Direktoratet for byggkvalitet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.