Rovviltnemnd med eigen nettstad

Rovviltnemnda for region 1 omfattar Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylke.Nemnda har ein eigen nettstad.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.05.2015

Regionen har ikkje nasjonale mål for yngling av rovviltartane gaupe, jerv, ulv og bjørn. Beitenæringa skal ha prioritet i regionen, men streifdyr av alle artane vil kunne førekomme.

Rovviltnemnda har medlemer frå kvart fylke, og leiar er Noralv Distad i Aurland kommune. Nemnda har ansvaret for at Stortinget sin rovviltpolitikk blir følgd opp i regionen. Nemnda har utarbeidd ein regional forvaltingsplan for rovvilt, og har ansvaret for å prioritere førebyggande og konfliktdempande verkemiddel. I tillegg skal nemnda tildele eventuell kvotejakt på gaupe, lisensfelling for dei fire rovdyrartane og kvoter for skadefelling. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane overtok sekretariatet for rovviltnemnda frå 2015.

Nettstaden har generell informasjon om arbeidet til rovviltnemnda. Møteinnkallingar og møtereferat vil bli lagde ut her. Fylkesmannen vil også jamnleg legge ut nyheiter om rovdyrobservasjonar, felte rovdyr og anna viktig informasjon. Nyheitene kan ein abonnere på. Nettstaden har kopling direkte til «Skandobs», som er det skandinaviske rapportsystemet for gaupe, jerv, bjørn og ulv. «Skandobs» er eit godt verktøy som vi ønskjer flest mogleg skal nytte seg av for å registrere rovviltobservasjonar i regionen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.