Foreldrebetaling i barnehagen

Foreldrebetalinga av barnehageplass har fått ein sosial profil. Kostnaden for barnehageplass skal ikkje utgjere meir enn 6 prosent av inntekta i hushaldninga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.05.2015

Målet med endring i forskrift for foreldrebetaling er å innføre ein betre sosial profil på foreldrebetalinga, og legge til rette for at fleire med foreldre med lav inntekt kan søkje barnehageplass. Frå 1. mai blir makspris endra frå 2 480 kroner til 2 580 kroner.

Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldninga, ektefelle, registert partnar og sambuar, si samla skattepliktige kapital- og person inntekt. Som sambuar vert rekna to personar over 18 år som har felles barn, eller har budd saman tolv av dei siste 18 månadene.

Den nye ordninga omfattar både kommunale og ikkje-kommunale barnehagane. Det er kommunen som barnehagemyndigheit som er ansvarleg og skal sikre at alle foreldre får informasjon og korleis dei kan søkje dersom dei har lav inntekt. Som dokumentasjon må søkjar legge ved sjølvmelding frå året før. For 2015 vil sjølvmeldinga frå 2014 vere tilgjengeleg når ordninga vert innført.

Meir informasjon

Gratis kjernetid
Kunnskapsdepartementet har framlegg om gratis kjernetid for 4- og 5-åringer i familier med inntekt under 405 000 kroner. Retten gjeld 20 timar per veke. Ordninga er tenkt gjennomført frå 1. august 2015. Same inntekt og dokumentasjon som gjeld for reduksjon i foreldrebetaling skal leggast til grunn. Utdanningsdirektoratet vil kome med meir informasjon medio juni 2015.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.