Barn som pårørande

Helsetenestene og alt helsepersonell har plikt til å ta vare på barn som pårørande. Kva tyder denne plikta i praksis?  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.05.2015

Helsepersonell skal alltid undersøke om pasientane har barn. Helsepersonell skal bidra til å informere og gi nødvendig oppfølging til mindreårige barn som treng det fordi forelderen er psykisk sjuk, rusmiddelavhengig, alvorleg somatisk sjuk eller skadd. Dette står i helsepersonellova § 10 a. Lovteksten skildrar òg kva helsepersonell skal gjere for å ivareta barna. Målet er at friske barn skal halde fram å vere friske sjølv om det oppstår alvorlege helseproblem i familien. Dette er viktig både for dei det gjeld, i eit folkehelseperspektiv og for samfunnet. 

Spesialisthelsetenesta og kommunane har eit «sørge for»-ansvar. Det tyder at verksemdene som gir helse- og omsorgstenester skal organiserast slik at helsepersonell blir i stand til å halde dei lovpålagte pliktene sine (helsepersonellova § 16).

Korleis sikre at barna blir følgde opp?

I rundskrivet Nasjonale mål og prioriteringer på helse- og omsorgsområdet ber Helsedirektoratet om at regionale helseføretak prioriterer arbeid med barn som pårørande.  Samtidig blir kommunane oppmoda til å styrke arbeidet med tidleg innsats for å redusere skader hos barn som pårørande.

I spesialisthelsetenestelova § 3-7a heiter det: «Helseinstitusjoner som omfattes av denne loven, skal i nødvendig utstrekning ha barneansvarlig personell med ansvar for å fremme og koordinere helsepersonells oppfølging av mindreårige barn av psykisk syke, rusmiddelavhengige og alvorlig somatisk syke eller skadde pasienter.»

Konkrete råd til arbeidet

Fylkesmannen ser det som viktig at helsetenestene har gode rutinar for å sjå og ta vare på alle barn når foreldre blir sjuke. BarnsBeste, Nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørende, har laga kunnskapsbaserte fagprosedyrar i samarbeid med spesialisthelsetenesta og Kunnskapssenteret. Her er konkrete tilrådingar om korleis spesialisthelsetenesta kan organisere og gjennomføre arbeidet med barn som pårørande.

Den overordna prosedyren handlar om organisering av arbeidet. Fire underprosedyrar gjeld kartlegging, tiltak internt, samhandling og bekymringsmelding. Prosedyrane er korte, konsise og handlingsretta for at det skal vere lett å bruke dei i den praktiske kvardagen, og dei kan ha overføringsverdi til kommunehelsetenesta. Ein av underprosedyrane gjeld samhandling og skal bidra til god informasjonsutveksling mellom helseføretak og hjelpeinstansar i kommunen. Prosedyrane skal dessutan bidra til tidleg og førebyggande samarbeid om nødvendig oppfølging.

Klikk her og vel emnet "Barn og ungdom" for å sjå prosedyrane for arbeid med barn som pårørande.

Nyttige lenkjer

Les meir om rett for næraste pårørande til å få informasjon og til å medverke.

Les meir om BarnsBeste – Nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørende. Der finn du òg ulike verktøy som kan vere til nytte i arbeidet, mellom anna Snakketøyet – et digitalt verktøy for å støtte og ivareta barn som pårørande - og eit e-læringsprogram.

Les Rundskrivet IS-5/2010 Barn som pårørende.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.