Minnemedalje for innsats under andre verdskrigen

Kommunane er bedne om å gje innspel til kven som fortener medalje for innsatsen sin i krigsåra 1939 – 1945. Folk flest kan komme med framlegg til kandidatar til sin eigen kommune.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.04.2015

I 2015 er det 75 år sidan angrepet på Norge og 70 år sidan frigjeringa. I samband med dette har Regjeringa bestemt at det skal innførast og delast ut ein minnemedalje for innsatsen under andre verdskrigen. Bakgrunnen er at mange av dei som gjorde ein verdfull innsats ikkje har fått den merksemda dei fortener. Mange typar motstandsarbeid har falle utanfor kriteria for tildeling av eksisterande krigsdekorasjonar.

Kven kan få medaljen?

Minnemedaljen kan tildelast norske og utanlandske militære og sivile som heider for innsatsen. Kommunane har fått i oppdrag å identifisera om det er innbyggarar som etter kriteria bør tildelast ein medalje. Medaljen kan tildelast:

  • norske og utanlandske militære
  • sjøfolk frå handelsflåten
  • sivile som gjorde ein innsats i motstandskampen, haldningskampen eller under farefullt eller belastande redningsarbeid i samband med ulukker eller øydeleggingar som følgje av krigshandlingar
  • politiske fangar
  • personar som deltok i redningsarbeid som omfatta fienden sine styrkar eller norske medløparar, dersom reint humanitære omsyn tilseier det og ein sjølv ikkje har deltatt på fienden si side
  • det kan også vera aktuelt å tildela medaljen folk som blei utsette for represaliar

Det er eit krav at vedkommande bidrog i kampen mot aksemaktene eller til støtte for sivilsamfunnet.

Korleis dokumentera?

Alle som har mottatt norske eller allierte dekorasjonar for innsatsen sin mot aksemaktene, er automatisk kvalifiserte til å motta minnemedaljen. For andre kandidatar kan dokumentasjonen skje gjennom lokalhistorikarar, tidsvitne eller litteratur.

Kven tar du kontakt med?

Kommunen din. Det er nemleg kvar enkelt kommune som må skaffa seg oversikt over aktuelle personar. Kommunen sender deretter innstillinga si vidare til Fylkesmannen, som på vegne av staten avgjer ei eventuell tildeling.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.