Fiskemåsen er på veg tilbake til hustaka

Levande natur, meiner nokre; skrik og skrål og ubehag, meiner andre. Fiskemåsen er i ferd med å førebu årets hekkesesong på mangt eit hustak, og ønskjer du å hindre dei, må det gjerast no.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.04.2015

Fiskemåsen var tidlegare ein av dei mest talrike måseartane i Noreg, men dei siste tiåra har bestanden gått sterkt ned på kysten. Rett nok har gamle hekkeplassar på elveøyrar og strandområde blitt nedbygde, men gode alternativ finst i form av industritak og andre tak der måsane kan hekke relativt trygt for hundar og menneske. Og ettersom fiskemåsen ikkje er spesielt stillferdig, gjer desse takmåsane mykje av seg.

Skadefellingsforskrifta
Sjølv om fiskemåsen er raudlista, er den framleis ein av artane som er lista opp i "Forskrift om felling av viltarter som gjør skade eller som vesentlig reduserer andre viltarters reproduksjon" (forskrift 1997-09-01 nr 1000, gjerne kalla skadefellingsforskrifta). Dei fleste skadetypane i forskrifta er uaktuelle for fiskemåsen sin del, men forskrifta seier at ved "andre skadetilfelle" enn dei som er lista opp, kan kommunen gi løyve til skadefelling. Forskrifta har heimel i den gamle viltlova og skulle ha vore oppdatert for fleire år sidan. Når denne oppdateringa forhåpentleg snart er gjennomført, vil truleg ikkje fiskemåsen lenger vere å finne på lista. Men enn så lenge gjeld framleis dagens forskrift.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tidlegare hatt skadefellingsløyve til vurdering etter klage. Gjennomgangen av forskrifta og retningslinjene som da blei gjort, viser at det er fleire moment å ta omsyn til for den som ønskjer å søke om skadefellingsløyve:

  • Det er ein føresetnad at skadefellingsløyve berre blir gitt dersom andre løysingar er utprøvd, og desse ikkje reduserer eller løyser problemet
  • Skadefelling skal i utgangspunktet berre skje for dei individa som valdar skaden
  • Skade skal ha skjedd før skadefellingsløyve blir gitt, i same sesong og i eit omfang som er eller kan bli av vesentleg økonomisk betydning
  • Talet på individ som kan fellast må vurderast ut frå omfanget av skaden, og skal ikkje bli gitt med grunngjeving i at ein vil redusere ein lokal bestand
  • Skadefellingsløyve skal berre bli gitt for den lokaliteten der skaden faktisk skjer, og i det tidsrommet skaden skjer

Skrik og skrål frå hustak er neppe ei god nok grunngjeving for skadefelling. Reint praktisk er det heller ikkje ei god løysing å fjerne hekkande par ved å skyte dei. Dette fører ofte ikkje til anna enn at territoriet blir ledig, og at plassen blir fylt opp av nye måsepar. Slik felling vil også vere i strid med fleire av punkta i skadefellingsforskrifta som er nemnt ovanfor.

Fjerning av reir fell ikkje inn under skadefellingsforskrifta, og kommunane kan dermed ikkje gje løyve til dette. Paragraf 15 i naturmangfaldlova seier at "Høsting og annet uttak av naturlig viltlevende dyr skal følge av lov eller vedtak med hjemmel i lov. Unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reir, bo eller hi skal unngås."

Problem med hekkande måsar på hustak må dermed i stor grad handterast i form av førebyggande tiltak, for når reiret først ligg der er det beskytta av lova. Industritak kan som regel sperrast effektivt av med eit nettverk av trådar som hindrar måsane i å lande. Dette nettverket treng ikkje vere spesielt tett, ein meter eller ein halv mellom trådane fungerer ofte greitt. Ferdsel av folk på taket ein gang eller to om dagen i etableringstida er eit anna tiltak som ofte får måsane til å finne andre hekkeområde. Endå betre effekt får ein av tiltaka dersom ein har høve til å setje av eit anna område der måsane kan få hekke i fred, dvs. heilt utan ferdsel av menneske og hundar.

Har du ikkje gjort noko på førehand for å unngå problemet, kan du heller ikkje vente å få skadefellingsløyve.

Det er også verd å tenkje på at sjølv om måsen på hustaka for nokre er eit reelt problem, vil den for dei aller fleste av oss vere fullt mogleg å leve i godt naboskap med. Fiskemåsen var her jo dessutan lenge før elveøyrane og strendene blei bygde ned...

Nettartikkelen er skriven av Tore Larsen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.