Sosiale media - ei utfordring i behandling av ungdom

Elektroniske kommunikasjonsmiddel og sosiale media skapar utfordringar for barnevernsinstitusjonar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.03.2015

Ungdom i dag nyttar telefon, nettbrett og pc til å kommunisere med kvarandre på ein heilt annan måte enn for berre få år sidan. For barnevernsinstitusjonar kan det føre til større utfordringar med å kome i behandlingsposisjon, og det kan vere vanskeleg å hindre ungdom i å ha kontakt med uønskte nettverk.

Mobilbruk og tvang

Når skal vi ta frå ungdommen fridommen til å bruke mobilen? Regelverk og forskrift som barnevernsinstitusjonar jobbar etter, skal ivareta ungdommens integritet og sjølvstende, samtidig som det skal beskytte og gje rom for god omsorg og behandling. Bruk av tvang skal vere individuelt vurdert, og ikkje meir inngripande enn det er trong for.

Mange vel førebygging framfor tvang

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner at institusjonane i fylket stort sett driv godt, og gjev ungdommane god oppfølging, omsorg og behandling. Fokus er  i all hovudsak på førebyggande aktivitet og tiltak heller enn tvang. Fylkesmannen meiner likevel at nokre av institusjonane/avdelingane i for stor grad ikkje grunngjev tvangsbruken individuelt og konkret, men baserer seg på tidlegare erfaringar og forventningar om uheldig åtferd.

Fylkesmannen forstår at institusjonar kan vere skeptiske til open bruk av mobil og sosiale media, spesielt når ungdom er lite motivert for behandling. Det er likevel viktig å tenkje førebyggande og miljøterapeutisk for å kome i forkant av uheldige hendingar, og hindre uønskte situasjonar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.