Treng du økonomisk rådgjeving?

Kommunen, ved Nav-kontoret, pliktar å gi innbyggjarane økonomisk rådgiving, inkludert gjeldsrådgiving. Det kan vere alt frå generelle råd og rettleiing, til hjelp i meir komplekse gjeldsforhandlingssaker.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.12.2014

Du kan søke om å få eit vedtak på rett til økonomisk rådgjeving/gjeldsrådgjeving. Nav-kontoret er pliktig til å ta imot ein søknad frå deg og behandle søknaden på forsvarleg vis.

Økonomiråd via telefon

Det er også mogleg å ringe 800GJELD som er Nav sin økonomirådstelefon for enkle råd om økonomi og gjeld. Nummeret er det same som 80045353, det vil seie at tastaturbokstavane G - J - E - L - D samsvarer med tala 45353 på telefonen. Det er gratis å ringje frå fasttelefon. Ringer du frå mobiltelefon kan økonomirådstelefonen ringje deg tilbake. Du kan gjerne vere anonym når du snakkar med økonomirådstelefonen. Denne tenesta er meint å vere eit supplement til tenesta du skal få ved Nav-kontoret.

I kommunen skal du få hjelp til å finne løysingar før dei økonomiske vanskane dine blir altfor store. 800GJELD kan gje deg råd gjennom telefonkontakt. Rådgjevarane der driv ikkje saksbehandling, men gir enkle råd om kva du sjølv kan gjere for å løyse situasjonen. Dersom du har økonomiske problem av meir kompleks art og treng meir hjelp, er Nav-kontoret riktig instans til å hjelpe deg.

Nav-kontoret kan hjelpe til med å:

  • få oversyn over den økonomiske situasjonen din
  • svare på konkrete spørsmål og få generelle råd om gjeldsproblem, til dømes om inkasso, tvangssal av bustad, lønstrekk, rettsleg og utanrettsleg gjeldsordning
  • gje råd og rettleiing om korleis du kan førebu deg til eit møte med Nav-kontoret, namsmannen eller andre instansar
  • vise til rett instans dersom du treng meir hjelp
  • gje deg informasjonsmateriell

Ved Nav-kontoret kan du også få hjelp til:

  • kreditorforhandlingar og framforhandle utanrettsleg gjeldsordning
  • bistand med å få endra eller fjerna utleggstrekk
  • bistand ved tvangssal av bustad
  • budsjettrettleiing

Fylkesmannen er klageinstans dersom du ikkje får vedtak på retten til økonomisk rådgjeving/gjeldsrådgjeving. Du kan også ta kontakt med Fylkesmannen dersom du ikkje er nøgd med den rådgjevinga du får.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Lenker