Få hjelp mot mobbing hjå Fylkesmannen

Dersom du blir mobba på skulen eller skulevegen, og mobbinga ikkje gir seg etter at du har sagt frå til skulen, bør du og foreldra dine sende klage til Fylkesmannen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2014

Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dei som jobbar i skulen skal arbeide aktivt og systematisk for alle elevar skal kjenne seg trygge og inkluderte. Elevane har klare rettar i kapittel 9A i opplæringslova, som også vert kalla arbeidsmiljølova til elevane. Dersom tilsette ikkje varslar eller grip inn når dei får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, kan tilsette bli straffa med bøter eller fengsel.

Vi kan hjelpe

Barneombodet er talsperson for barn og unge i Noreg. Barneombodet har god og tydeleg informasjon om korleis du går fram dersom du ikkje har det bra på skulen.

Fylkesmannen i fylket ditt er ein av dei som kan hjelpe dersom mobbinga ikkje tek slutt sjølv om du har sagt frå til skulen. Vi skal sjå til at skulen følgjer dei lovene og reglane som gjeld. Foreldre og elevar kan klage til Fylkesmannen dersom de meiner at skulen ikkje gjer nok for å stoppe mobbinga. Dersom du syns det er vanskeleg å skrive ein slik klage, kan du gjerne bruke klagemalen som Barneombodet har laga. Der får du gode tips til kva opplysningar klagen bør innehalde.  

Ta kontakt med Fylkesmannen i ditt fylke dersom du ønskjer fleire opplysningar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.