Jegerprøven for jakt og fangst

Alle nye jegerar må ta jegerprøven for å drive med jakt og fangst. Kommunane er ansvarlege for å gjennomføre elektronisk eksamen og har rett på refusjon av utgifter knytt til dette. Frist for å sende inn refusjonskrav er 15. januar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.10.2014

Dersom du ønskjer å drive jakt og fangst må du ha kunnskap om jaktbare artar, skytevåpen, fangstreiskap og regelverk. Alle som vil jakte i Noreg, må vere registrert i Jegerregisteret. For å bli registrert her må alle førstegongsjegerar ta jegerprøven, som omfattar eit obligatorisk kurs på 30 timar og deretter ein elektronisk eksamen.

Reinsdyr på Fannaråken

Kurstilbodet varierer frå kommune til kommune. Spørsmål om avvikling av jegerprøva kan rettast til kommunane og lokale jakt- og fiskelag. Sjå lenke til høgre på sida for informasjon om jegerprøven, nettbaserte kurs, betaling av eksamensgebyr m.m. Du må vere fylt 14 år for å kunne ta jegerprøven.

Kommunane har rett på refusjon av utgifter til jegerprøva

Dagens ordning skal vere sjølvfinansierande. Det vil seie at jegerprøvekandidatane betalar for ordninga gjennom gebyr. Utgifter som kommunane har i samband med jegerprøven blir refundert av Miljødirektoratet via Fylkesmannen. Utgifter blir refundert etter faktisk forbruk utan budsjettramme.

Refusjonsordninga gjeld følgjande utgifter:

  • Løn til testleiar per avvikla eksamen. Dette svarar til løn for 2 timar etter statens lønnsregulativ, lønstabell C for 37,5 timars normalveke lønstrinn 29.
  • Reiseutgifter for testleiar etter statens reiseregulativ.
  • Leige av eksamenslokale. Miljødirektoratet føreset at kommunen nyttar gratis lokale, jf. vaksenopplæringslova § 7.
  • Telefonutgifter for testleiar

Kommunane må sende refusjonskrav til Fylkesmannen seinast 15. januar kvart år.

Ny refusjonsordning

Miljødirektoratet arbeider i desse dagar med å forenkle refusjonsordninga. Tanken er at kommunane skal få refusjon per kandidat basert på tal frå det elektroniske eksamenssystemet. Miljødirektoratet reknar med at ny ordning vil vere på plass i 2015.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.