Manglande stadfesting frå 460 parti

Registrerte politiske parti kan søkje om statstilskot til drifta si. Det er framleis att to utbetalingsdatoar for 2014, men partistøtteordninga manglar den nødvendige stadfestinga frå 460 partilag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.09.2014

Dei politiske partia må søkje om partistøtte éin gong i valperioden og deretter stadfeste opplysningane kvart år.  På landsbasis manglar det framleis stadfesting frå 460 partilag.

Alle parti må opplyse om bankkontonummer, kven som er kontoinnehavar og kven som har disposisjonsrett til bankkontoen for å få utbetalt statstilskot for 2014. Storleiken på tilskotet blir fastsett ut frå sist valresultat. Partistøtteordninga gjeld kommune- og fylkesparti, ikkje dei sentrale partiorganisasjonane.

Sist val var kommune- og fylkestingsvalet i 2011. Svært mange partilag leverte søknaden om partistøtte alt i første kvartal 2012, men no ser det ut til at mange har gløymt regelen om stadfesting som kom med ei endring i partilova i mars 2013.

Partia kan søkje om statstilskot eller stadfeste opplysningar via partistøtteportalen. Dei neste utbetalingsdatoane er 22. september og 15. november. Aller siste frist for søknad om støtte for 2014 er 15. november. Det er krav om at partilaget må ekistere på søknadstidspunktet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.