Eigenerklæring frå sakkunnige i barnevernssaker

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har kome med retningslinjer om bruk av eigenerklæring for sakkunnige i barnevernssaker. Retningslinjene gjeld frå 1.september 2014.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.08.2014

Den skriftlege eigenerklæringa skal mellom anna gje oversikt over tidlegare oppdrag for oppdragsgjevaren og tidlegare erfaring som fagkunnig nemndsmedlem og/eller meddommar dei siste to åra. Den sakkunnige skal leggje ved CV med informasjon om grunnutdanning, spesialisering og fagleg praksis. Dette kan gjere det enklare for oppdragsgjevaren å finne sakkunnige som har den faglege kompetansen oppdraget krev. Det vil òg vere lettare å sjå om den sakkunnige er ugild.

Departementet meiner retningslinjene vil auke tilliten til dei sakkunnige og vedtaka som vert gjort i barnevernet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.