Klager på standpunktkarakterar

Alle elevar kan klage på standpunktkarakterar og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.05.2014

Skulen skal informere elevar og foreldre om høvet til å klage, klagefristen og kva klagen skal innehalde.

Innanfor klagefristen kan eleven krevje grunngiving for karakterar i fag eller orden og åtferd, og krevje grunngiving dersom det ikkje blir fastsett standpunktkarakter.

Klagefrist

Fristen for å klage er 10 dagar, frå melding om vedtaket er komme fram til den som har klagerett, eller den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket, og ny frist gjeld frå grunngivinga er motteken.

Framgangsmåte ved klage

Elevar under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage. Klagen må vere skriftleg og underskrivast klagaren eller ein med fullmakt. Klagen skal sendast til skulen, og skulen sender klagen til Fylkesmannen, med kopi til klagaren.

Oversending til Fylkesmannen

Dersom du er rektor og skal sende over klager til Fylkesmannen, bør du undersøkje korleis dette skal gjerast. I fleire fylke finst det eigne rettleiingshefte, og nokre fylke har teke i bruk elektronisk oversending av skjema, som gjer saksbehandlingstida kortare.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.