Nedgang i talet på førarkortsaker

Fylkesmennene behandla i fjor 23 829 førarkortsaker, det er meir enn 6000 færre saker enn året før.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.03.2014

Fylkesmannen behandlar søknader om dispensasjon frå helsekrava i førarkortforskrifta, og vurderer om politiet skal inndra førarkortet når føraren ikkje oppfyller helsekrava. Vanlege årsaker til at folk ikkje får behalde førarkortet er rus eller medikamentbruk, epileptiske anfall og kognitiv svikt eller demens. Også andre sjukdomstilstandar kan føre til at du ikkje lenger oppfyller helsekrava til førarkort. Dei som ikkje oppfyller helsekrava til førarkort, kan søkje Fylkesmannen om dispensasjon (unntak) frå reglane.

Talet på førarkortsaker har auka sidan 2009, og 2013 er første året tal førarkortsaker syner ein nedgang. Nedgangen skuldast truleg delvis endringane i helsekrava som kom i august 2011. Fleire fylkesmenn syner også til at dei behandla ekstra mange saker i 2012 på grunn av eit etterslep frå tidlegare år.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.