30 000 førarkortsaker i 2012

God helse hjå dei som skal føre motorkøyretøy bidreg til god trafikktryggleik. I 2012 behandla fylkesmennene 30 362 førarkortsaker.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.09.2013

Personar som har ein sjukdom, eller som brukar legemiddel som påverkar køyreevna, må for dei lettare klassene ha helseattest frå lege. Alle som skal ha førarkort i tyngre klassar må ha helseattest.

Fylkesmannen skal gje råd til legar, publikum og andre offentlege instansar om trafikktryggleik. Nokre gonger får vi meldingar som gjer at vi tek kontakt med politiet og tilrår at førarkortet blir inndrege. Dersom du ikkje oppfyller helsekrava til å ha førarkort, kan du søkje Fylkesmannen om dispensasjon frå krava. Du kan få dispensasjon frå krava dersom Fylkesmannen meiner at du kan køyre bil utan nemneverdig auka risiko. Vi legg vekt på behova dine, men omsynet til trafikktryggleik tel sjølvsagt mest.   

I 2012 behandla fylkesmennene 30 362 førarkortsaker. Om lag halvparten av sakene var søknader om dispensasjon frå helsekrava. Det er stor variasjon i kor mange førarkortsaker fylkesmennene har, frå 550 i Finnmark til 3116 hjå Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.