Endringar for eldre bilførarar

Frå 19. januar 2013 gjeld nye reglar for bilførarar mellom 70 og 75 år.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.01.2013

Personar mellom 70 og 75 år som har førarkort for personbil i klasse B, treng ikkje lenger ha med seg legeattest saman med førarkort under køyring.

Etter fylte 75 år, gjeld førarkortet for ei avgrensa tid etter tilråding frå legen. Når du har fylt 75 år, må du sjølv be om helseattest frå legen, og deretter ta med helseattesten til trafikkstasjonen for å fornye førarkortet.

Dersom du ikkje oppfyller helsekrava til førarkort, kan du søkje Fylkesmannen om dispensasjon frå helsekrava.

Frå 19. januar må alle legar bruke det nye skjemaet for helseattest, NA 0202. Dette skjemaet vart innført våren 2012. Dei gamle legeattestskjemaa er ikkje lenger gyldige.

Orientering frå Vegdirektoratet om nye reglar frå 19. januar 2013.

Brev frå Statens vegvesen med informasjon om nye helseattestar og bestillingsrutinar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.