Saman for ein trygg og god barndom i Agder

Foto: Stine Sofies Stiftelse.

I går møttest Statsforvaltaren i Agder, politimeisteren og Stine Sofies Stiftelse for å snakke om korleis vi – kvar for oss og i fellesskap – kan styrkje innsatsen for ein barndom utan vald.

Publisert 26.03.2026

 – Det var eit inspirerande møte, prega av felles engasjement og vilje til å finne gode løysingar for barn og familiar i regionen vår, seier statsforvalter Gina Lund.

Vi veit at trygge oppvekstvilkår blir skapte gjennom samarbeid, kunnskap og tydelege felles mål. Difor er det svært verdifullt å samle aktørar som kvar dag arbeider for barns rettar, tryggleik og vern.

– Eg vil rette ein stor takk til Stine Sofies Stiftelse for å samle oss til dette møtet – og for den viktige jobben dei gjer for barn og familiar, både i Agder og i resten av landet, avsluttar Gina Lund.
 
Dette møtet er starten på eit vidare arbeid vi gler oss til å byggje opp saman – til beste for alle barn i Agder

 

Foto: Stine Sofies Stiftelse.