Ose Water AS – søknad om utsleppsløyve i Bygland kommune

Høringsfrist:
21. januar 2019 23.00

Ose Water AS søkjer Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder om løyve til å sleppe ut reinsa prosessavløpsvatn og kjølevatn fra vatnfabrikken sin på Austad i Bygland kommune.

Publisert 17.12.2018

Ose Water AS ønskjer å starte produksjon av kjelde- og mineralvatn på flaske. I samband med det søkjer Ose Water AS om å sleppe ut om lag 3000 m3 reinsa prosessavløpsvatn i året. Dei søkjer òg om å sleppe ut reint kjølevatn. Prosessavløpsvatnet (spylevatn fra reingjering av produksjonslokale og -utstyr) skal førast via eit reinseanlegg på fabrikken før det sleppast ut på land om lag 200 m frå Otra. Kjølevatnet frå fabrikken vil vere reint. Forhold som utslepp og støy er skildra i søknaden og vedlegg.
 
Søknaden vert lagt ut til offentleg ettersyn i tida 17.12.2018 – 21.01.2019. Søknadsdokumenta kan lesast via lenkene til høgre på denne sida. Dei som ønskjer det, kan få alle saksdokument ved direkte førespurnad til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder.

Merknader til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, Postboks 788 Stoa, 4809 Arendal, eller til fmavpost@fylkesmannen.no innan 21.01.2019.