Likestilling = Demokrati = Likestilling?

26. november vert du invitert til å utforske det gjensidige forholdet mellom likestilling og demokrati på årets regionale konferanse.

Publisert 04.11.2025

Temaet er høgaktuelt i ei tid prega av aukande polarisering og veksande ulikskap. Demokratiet står overfor nye utfordringar – frå algoritmestyrte informasjonsbobler til press mot frie ytringsrom og marginaliserte grupper.

– Vi har sterke institusjonar i Noreg og høg tillit til kvarandre. Samstundes kan også den norske debatten bli polarisert. Det er viktig at vi skaper rom for eit mangfald av ytringar, samstundes som vi maktar å både respektere og lytte til kvarandre, seier statsforvaltar Gina Lund.

Statsforvaltaren vil sjølv delta under opninga av konferansen, der ho i lag med UiA-rektor Sunniva Whittaker vil belyse korleis UiA og Statsforvaltaren i Agder bidreg til demokrati og likestilling. Konferansen vert arrangert i samarbeid mellom Likestillings- og mangfaldsutvalet ved UiA, Senter for likestilling ved UiA og ei regional arbeidsgruppe som mellom anna omfattar Statsforvaltaren i Agder, Agder fylkeskommune, Kristiansand kommune, Arendal kommune og LO Agder.

Undervegs i konferansen vil forfattar Jonas Bals stille det ubehagelege, men nødvendige spørsmålet om korleis vi kan kjenne att og stå imot autoritære straumdrag i vår tid, medan Eliana Hercz spør korleis unge kan bruke si stemme når demokratiet vert utfordra – i tillegg til fleire andre interessante innlegg.

– Også menneske i Noreg opplever diskriminering og marginalisering. Når grupper i aukande grad fokuserer på særinteresser framfor fellesskapet, kan det oppstå ei «vi mot dei»-halding. Utdanning, inkluderande institusjonar og felles nasjonale prosjekt er nøklane til å byggje sosial tillit. Vi må ha ein verdibasert beredskap som byggjer på tillit, inkludering og respekt, seier Gina Lund.

Så langt har om lag 170 deltakarar meldt seg på konferansen – men det er framleis plass til fleire!

Les meir om program og påmelding her!