Statsforvaltaren i Agder vitja Bygland og Valle 14. og 15. mai

Frå venstre ordførar Lars Tarald Myrum, statsforvaltar Gina Lund og kommunedirektør Vidar H. Homme. Foto: Ole Birger Lien / Valle kommune.

Kommunebileteturneen held fram for Statsforvaltaren, og denne gongen gjekk besøket til dei to Setesdalskommunane. Med det har Statsforvaltaren så langt besøkt fem kommunar i løpet av våren for å gjennomføre kommunebiletemøte som ein del av den større kommunedialogen.

Publisert 16.05.2025

– Vi er til for heile Agder, og det er viktig for oss å besøke alle kommunane, seier statsforvaltar Gina Lund.

Det såkalla kommunebiletet er eit digitalt verktøy dei fleste av landet sine statsforvaltarar nyttar seg av. Verktøyet samanstiller utvalde data frå dei ulike fagområda som høyrer til statsforvaltarembeta, og teiknar med det eit overordna augeblinksbilete av kommunane. Desse fagområda er barnehage, barnevern, folkehelse, grunnskule, integrering og busetjing, kommunal planlegging, kommuneøkonomi, kommunehelsetenesta, landbruk, likestilling, miljø og klima, omsorgstenestene, samfunnstryggleik og beredskap, og sosialtenesta.

– Bygland og Valle er to av Agder og landet sine «rikaste» kommunar. Likevel er det ikkje berre pengar som skal til for å drive ein kommune godt. Kompetent personell, godt samarbeid og effektive tenester er òg nødvendige faktorar for å sikre innbyggjarane det tenestetilbodet og den kvaliteten dei har krav på, understrekar statsforvaltaren.

Statsforvaltaren set av betydelege ressursar til førebuing av kommunebiletemøta. Difor blir òg møteinvitasjonane sendt breitt ut, til både politisk og administrativ side i kommunane. 

– Vi ser at også kommunane har arbeida iherdig i forkant, for å leggje til rette for møta på ein best mogleg måte. Det er vi takksame for, held Gina Lund fram.

Møta blir òg gode høve til å treffast for å drøfte både moglegheiter og problemstillingar i kommunane. Dette er ein del av Statsforvaltaren i Agder si rettleiingsrolle, noko embetet tek på største alvor. 

– Det å byggje gode, tillitsbaserte og etterrettelege relasjonar med kommunane i fylket er noko som gjer oss betre i stand til å forstå situasjonen og særlege forhold i den enkelte kommunen. Etter desse to dagane i Setesdal opplever eg den dialogen som både nyttig og fruktbar, avrundar Gina Lund.

Eit revidert kommunebilete for både Bygland og Valle kommunar vil bli publisert på Statsforvaltaren i Agder si heimeside etter møta i Setesdal. Tidlegare publiserte kommunebilete kan du sjå her

Statsforvaltar Gina Lund og ordførar Runar Flåt Granheim. Foto: Vebjørn Bergem Sørheim.

Kontaktpersoner