Kommunereforma – mal for fylkesmannen si tilråding

Fylkesmannen har fått tilsendt malen vi skal bruke for tilrådinga vår om ny kommunestruktur. Malen kan tilpassast det enkelte fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.06.2016

Malen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gir også kommunane ein peikepinn på kva som er viktig å leggje vekt på i saksframstillinga og vedtak no i juni. Kommunane har som kjent ein frist til 1. juli med å gjere vedtak om kommunestruktur. Fylkesmannen skal gi tilråding til departementet innan 1. oktober. 

Du finn brevet og malen frå KMD som vedlegg til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.