Bustadsosialt arbeid

Oppdatert 05.01.2024

Alle treng ein trygg heim, men enkelte treng hjelp til å skaffe ein trygg og god bustad for seg og sine. Statsforvaltaren rettleiar kommunar i Nordland, Vestland og Rogaland i tema som høyrer inn under det bustadsosiale arbeidet. Døme er heilskapleg bustadplanlegging i kommunen, bustader for eldre, nullvisjon for bustadløyse og tiltak for at barnefamiliar, unge uføre og andre utsette grupper kan få eige sin eigen bustad.

Hausten 2021 vart kommuneretta oppgåver frå to regionkontor hos Husbanken overført til statsforvaltarane i Nordland, Vestland og Rogaland. Målet er å skape eit sterkt fagmiljø der bustad blir sett i samanheng med fagområde som helse, sosial, rus, barnevern og arbeidsliv. Oppdraget vårt er i første omgang eit treårig forsøk.

Det er mange som må spele på lag for at vi skal lukkast med den sosiale bustadpolitikken. Kommunane har ulik storleik, organisering og ulike utfordringar. Strategien «Alle trenger et trygt hjem» (2020-2024), peikar på seks suksessfaktorar som grunnleggjande for å nå måla i det bustadsosiale arbeidet:

  • forankring og eigarskap
  • organisering og samordning
  • overordna strategi
  • kompetanse
  • økonomiske ressursar
  • brukarmedverknad

Statsforvaltarane møter kommunar fysisk og digitalt, og vi medverkar til å utvikle det bustadsosiale arbeidet i kommunen. Vi har også arrangement som kan bidra til å auke kompetansen innan bustadsosiale tema.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.