Leve heile livet

Oppdatert 28.02.2024

Reforma «Leve heile livet» er gjennomført, men arbeidet med å skape aldersvenlege lokalsamfunn held fram. I satsinga «Fellesskap og meistring – bu trygt heime» er målet å skape eit aldersvenleg samfunn prega av openheit, tryggleik og fellesskap. Det overordna målet er å bidra til at eldre kan bu trygt heime lengst mogleg.

Satsinga er tverrfagleg og har fire innsatsområde:

  • levande lokalsamfunn
  • bustadtilpassing og planlegging
  • kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
  • tryggleik for brukarar og støtte til pårørande

Alt det gode arbeidet som er gjort i «Leve heile livet», skal vidareførast inn i «Bu trygt heime». Helsedirektoratet jobbar med ein nasjonal handlingsplan for korleis fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogleg.

Dialogmøte og læringsnettverk

Statsforvaltaren har hatt ei sentral rolle i å koordinere arbeidet knytt til «Leve heile livet». Statsforvaltaren har gitt alle kommunar tilbod om dialogmøte og sytt for at alle kommunar vart inviterte inn i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Vi har ikkje fått oppdrag i den nye satsinga enda. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.