Representant for einsleg mindreårig asylsøkjar

Oppdatert 01.01.2021

Einslege mindreårige asylsøkjarar har krav på å få oppnemnt ein representant. 

Ein einsleg mindreårig asylsøkjar er ein person under 18 år som kjem til Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar, og som søkjer asyl. Det kan også vere aktuelt å utnemne ein representant for ein mindreårig som har foreldre i Noreg, men der desse er ute av stand til å ta hand om interessene til den mindreårige. 

Statsforvaltaren skal utnemne ein representant for den mindreårige straks dei er kjende med at vedkommande er i denne situasjonen.

Ein representant er ein juridisk erstattar for foreldra. Ein representant har ikkje dagleg omsorg for barnet, men skal sikre dei juridiske interessene til den mindreårige og andre forhold som ligg til foreldreansvaret. 

Kva skal representanten din gjere?

  • vere med deg på samtalar med utlendingsstyresmakta
  • besøke deg for å høyre korleis du har det
  • spørje deg om kva du ønsker
  • hjelpe deg med utlendingssaka din
  • ha kontakt med norske styresmakter på dine vegner
  • hjelpe deg viss du vil reise heim
  • ikkje seie vidare det du fortel med mindre du ønsker det

Det er ikkje representantens oppgåve å ha deg på overnatting, ta deg med på ferie og utflukter, gi gåver eller kjøpe kle, følgje deg til møte med norske styresmakter eller å vere din nye mamma eller pappa. 

Vergemal.no har lenker til informasjonsskriv på ei rekkje språk. 

Representantoppdraget kan delast inn i transittfasen og ventefasen. Når du får innvilga midlertidig opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphald i Noreg, fell representantordninga bort. Som  mindreårige skal du då få oppnemnt verje etter reglane i vergemålslova. 

Kven kan bli representant?

Barnet treng ein vaksen han eller ho kan vere trygg på, og som sikrar dei spesielle behova barnet har. Det er viktig at representanten har god kunnskap om det norske samfunnet, norsk språk og at han eller ho kan orientere seg i det offentlege systemet. Vervet krev at du er et medmenneske, samtidig som du skal sikre at rettane til barnet blir oppfylte. 

Dersom du ønskjer å bli representant, må du sende inn ein søknad til Statsforvaltaren der du skriv kvifor du ønskjer å bli representant. Saman med søknaden må du også sende inn CV, vise til referansar og levere politiattest. Statsforvaltaren vurderer om du er eigna til å ta på deg eit konkret oppdrag. 

Ektefelle eller sambuar til den mindreårige kan ikkje vere representant. Det same gjeld personar som jobbar med asylsaka, personar som har omsorgsansvar, og advokaten til den mindreårige. Andre slektningar bør heller ikkje få oppdraget som representant, sidan det kan oppstå inhabilitetsproblem.

Rolla di som representant

Dersom du ikkje har eit avgrensa mandat, trer du inn som en juridisk erstattar for foreldra og tek alle avgjersler som fell inn under foreldre- og verjeansvaret.

Døme på oppgåver for ein representant:

  • Ta hand om interessene til den mindreårige i asylsaka og i eventuelle andre pågåande saker.
  • Delta på alle samtalar den mindreårige har med utlendingsstyresmaktene i samband med asylsaka.
  • Kontakt med advokaten til den mindreårige.
  • Dialog med dei som har omsorgsansvaret, og eventuell oppfølging frå andre aktørar som bistandsadvokat, barnevern, politi, osv.
  • Sjå til at den mindreårige får forsvarleg omsorg, tilstrekkeleg helsehjelp og skulegang.
  • Sikre at barnets beste blir vurdert, og at barnet blir høyrd og får medverke i avgjerder i samsvar til alder og kor moden vedkommande er.
  • Bidra ved undersøkingar om identitet og alder (blant anna samtykke til alderstest).
  • Følgje opp andre forhold som ligg inn under det juridiske foreldreansvaret (døme er forsvinning, arrestasjon, samtykke til helsehjelp).

Du har ikkje ansvaret for dagleg omsorg eller å forsørge den mindreårige. Di oppgåve er å sikre at omsorgsbehovet er tilfredsstillande teke hand om, og eventuelt klage på vegner av barnet dersom vedkommande får et dårlegare tilbod enn det barnet har krav på. Det vil til dømes ikkje vere di oppgåve som representant å leggje til rette for eit forsvarleg bu-tilbod, aktivitetar, eller stå for transport av den mindreårige. Statsforvaltaren gir opplæring og rettleiar representantar i sitt distrikt.

Du har krav på godtgjersle og å få dekt utgiftene dine i samband med oppdraget som representant. Det er faste satsar fordelt etter transittfasen og ventefasen. Vergemal.no har meir informasjon om retningslinjer for godtgjersle og utgiftsdekning.