Barn og unge kan klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.05.2022

Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Her er nokre døme på kva andre har klaga på, men hugs at du kan seie frå uansett kva det gjeld. 

  • Barnevernet høyrer ikkje på meg og dei spør aldri korleis eg eigentleg har det.
  • Familien min får ikkje nok hjelp frå barnevernet. 
  • Eg har det ikkje bra i fosterheimen min. Det er ingen som følgjer med på korleis eg har det.
  • Eg har det ikkje bra på barnevernsinstitusjonen og det er ingen som bryr seg om meg.
  • Eg får ikkje vere med på å bestemme nokon ting. 
  • Eg blir ofte halden fast av dei som jobbar her.
  • Eg får ikkje lov til å gå ut når eg vil.
  • Eg har fått avslag på oppfølging etter at eg vart 18 år. Kva gjer eg?

Du kan alltid snakke med kontaktpersonen din i barnevernet, men vi veit at det nokre gonger kan vere vanskeleg. Då kan du kontakte oss som jobbar hjå Statsforvaltaren. Du kan også klage sjølv om du har fylt 18 år. 

Sei frå her

Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin. Den viktigaste oppgåva vår er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. Viss du er uroleg for eit barn eller ein ungdom og ønskjer råd og hjelp hos oss, ber vi deg ta kontakt via skjemaet Sikker melding til Statsforvaltaren.

Kva skjer når eg klagar til Statsforvaltaren?

  1. Vi kontaktar deg slik at vi kan snakke om det du vil klage på. Det kan vere mange ulike ting ein ikkje er fornøgd med. Derfor treng vi å få vite litt meir om situasjonen din slik at vi kan finne ut kva som er best å gjere med saka di.
  2. Dersom vi bestemmer at vi skal gjere noko med saka di, ber vi også om informasjon frå til dømes barnevernstenesta eller institusjonen der du bur, men vi avtalar dette med deg først.
  3. I nokre saker kan vi bestemme at barnevernstenesta eller institusjonen skal gjere ting annleis, eller tilby deg ein annan type hjelp.
  4. Dersom barnevernet ikkje har følgt reglane, får vi dei til å rette opp i det. 
  5. Nokre klagar gjeld dessverre ting vi ikkje kan gjere noko med. Då hjelper vi deg vidare til andre som kan hjelpe. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Alarmtelefonen

Hugs! Hastar det, kan du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111. Det er trygt å ringe dit og det er gratis. Dei har ope heile døgnet, alltid.

Lenke til alarmtelefonen