Strandrydding og sårbare fuglar

Det kan fort bli mykje avfall når ein arrangerer strandrydding, som her i frå Herdla. Rydding kan spare dyr og fuglar for skade og liding. Hugs likevel at det kan hekke sårbare fuglar i dei same områda, så bli helst ferdig med ryddinga før 15.april eller utset dugnaden til etter midten av juli.
Det kan fort bli mykje avfall når ein arrangerer strandrydding, som her i frå Herdla. Rydding kan spare dyr og fuglar for skade og liding. Hugs likevel at det kan hekke sårbare fuglar i dei same områda, så bli helst ferdig med ryddinga før 15.april eller utset dugnaden til etter midten av juli. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Snart er det vårdugnad og strandrydding, og for fugle- og dyrelivet er det viktig at naturen er mest mogleg fri for plast. Hugs likevel at mange fuglar er sårbare  i hekketida. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.03.2022

Tid for strandrydding!

Det er om våren og sommaren folk flest er ute for å rydde plast, i tillegg er det nok då det er mest triveleg å gjere slikt arbeid. Mange arrangerer ryddedugnader, og dugnadsvilja er stor langs kysten vår. Denne ryddeperioden fell ofte saman med hekketida til fuglane langs kysten. 

Om du les vidare får du nokre tips til kva du bør tenkje på, slik at både folk, strender og fuglar blir tekne godt vare på. 

Sjekk gjerne på førehand om du skal inn i eit verneområde. Her kan du lett sjå på kartet om det er snakk om eit verneområde og om det er spesielle ferdselsreglar der du har tenkt å rydde. 

Det er stor dugnadsvilje langs kysten og mange stader å rydde. Hugs å ta omsyn til hekkande fugl. Sjekk òg om det er ferdselsrestriksjonar der det er verneområde.
Det er stor dugnadsvilje langs kysten og mange stader å rydde. Hugs å ta omsyn til hekkande fugl. Sjekk òg om det er ferdselsrestriksjonar der det er verneområde. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Måse, tjeld og terne seier i frå om du kjem for nær

Der det hekkar måsar, terner eller tjeld ved stranda, vil desse normalt seie tydeleg frå når du nærmar deg reiret. Måser og terner kan gå til skinnangrep for å forsvare egg og unger, mens tjelden nøyer seg med å varsle høglytt. I slike område bør du utsetje plastryddinga til hekketida er over. Om du står midt inne i ein slik situasjon er det beste å trekkje seg raskt unna, slik at fuglane kan gjenoppta ruginga.

Vi vil i denne samanhengen vise til § 15 i naturmangfaldlova: 

Unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reis, bo eller hi skal unngås.

Andre vil berre ligge i ro eller flykte på lang avstand

Andre fuglar i strandkanten lever meir skjult. Desse smyg seg gjerne av garde på lang avstand, og om du blir verande på staden kan det gå gale med egg eller ungar. Desse kan ikkje regulere kroppstemperaturen sjølve, og vil døy utan foreldra til å varme dei i kjølege periodar eller til å skugge for dei i sola.

Tidleg i hekketida (egglegging og første del av rugetida) vil mange fuglar dessutan gi opp hekkinga og forlate reiret om dei vert forstyrra. Seinare i hekketida gir dei ikkje opp så lett, men uansett stadium må du vere merksam på at det er talrike eggrøvarar som ser sitt snitt til å forsyne seg når rugefuglane er skremde bort frå reiret.

Rydd gjerne før 15. april eller etter 15. juli

Strandrydding bør planleggjast utanfor perioden frå 15. april til midt i juli i område der det er hekkande fuglar. På Vestlandet har dei fleste sjøfuglane lenge vore i sterk tilbakegang. Hekkebestandane av dei fleste artar er reduserte med 50 - 70 prosent etter hundreårsskiftet, nokre artar med 90 prosent. Dei bør difor ikkje utsetjast for ytterlegare påkjenningar i hekketida.

Ærfuglen har ein sterkt negativ bestandsutvikling i fylket vårt, og lar seg lett uroe i hekketida. Om mora flyr av reiret klarar ikkje egg og unger å regulere si eiga kroppstemperatur, og dei kan døy. Hald hunden heime om du er på strandrydding.
Ærfuglen har ein sterkt negativ bestandsutvikling i fylket vårt, og lar seg lett uroe i hekketida. Om mora flyr av reiret klarar ikkje egg og unger å regulere si eiga kroppstemperatur, og dei kan døy. Hald hunden heime om du er på strandrydding. Foto: Tore Larsen.

Den sårbare ærfuglen

Ein av dei mest sårbare artane på kysten vår er truleg ærfuglen. Den hekkar spreidd med nokre få reir på mange holmar i skjergarden, og og ein stor del av bestanden hekkar utanfor naturreservat eller andre verneområde. Reiret ligg ofte under ein brakebusk eller i ei tue med lyng.

Ei ærfuglhoe ligg meir eller mindre kontinuerleg på reiret i fire veker, og forlet det berre i korte periodar for å drikke. Mot slutten av rugeperioden er ho ofte sterkt svekka, og bør ikkje bli uroa. Ærfuglhoa er godt kamuflert, men det er ikkje egga. Om ho blir forstyrra blir egga derfor dekte med dun frå reirkanten før ho smyg seg vekk, men om du kjem brått på rekk ho ikkje det. Kjem du i skade for å skremme ein ærfugl brått av reiret, så dekk raskt til egga med dun og forlat området.  

Sjekkliste for strandrydding

  • Ein handlepose med marint avfall kan du levere saman med ditt eige restavfall når det er tømming.
  • Større mengder bør du ha ein plan for. Snakk med ditt næraste renovasjonsselskap.
  • Ta kontakt med ditt lokale friluftsråd for nyttig informasjon om rydding, og for å få tilgang til ryddesekkar, eller sjekk kartet på ryddenorge.no. Det kan vere andre stader du kan få utlevert utstyr til rydding.
  • Hugs å registrere områda som vert rydda på ryddenorge.no, men gi også gjerne melding om område som bør ryddast.
  • Ta omsyn til eigen tryggleik. 
  • La hunden vere heime. 
  • Ta omsyn til hekkande fuglar, og unngå ryddig i område med sårbart fugleliv mellom 15. april og 15. juli. 
  • Takk for innsatsen med å ta vare på naturen!

God tur!

Strandrydding er ein hyggeleg aktivitet å gjere i lag, og eit flott bidrag til å halde naturen fri for avfall. Takk for innsatsen!
Strandrydding er ein hyggeleg aktivitet å gjere i lag, og eit flott bidrag til å halde naturen fri for avfall. Takk for innsatsen! Foto: Maria Knagenhjelm.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.